Kjærleg, eigen og robust...

...er tre ord eg synast beskriver rasen svært godt. 

Finsk Lapphund er ein mellomstor hund som passar ypparleg som familiehund. Dei fleste er, etter mi erfaring, glade i barn, men her vil det jo vere individforskjellar alt etter kva dei er vant til. Dei er robuste og tåler ein liten støyt og eignar seg godt til aktive familiar. Med solide potar greier den seg fint på lange fjellturar sommar og vinter utan å bli sårbeint, og den kan fint bære kløv.

Den doble pelsen beskyttar mot kulde og varme så lenge den er gjennomgredd. På vinterstid bruker vi våre eigne lapphundar i skiløypa kor dei trekker. Lapphundar kan og fint spore vilt og anna. Våre to eldste er svært glade i å gå blodspor, og planen er å få ein eller begge godkjent ettersøkshund på vilt. Päivi sin kullbror blir aktivt brukt i hjortejakt og reinsdyrjakt og er godkjent ettersøkshund på vilt. Planen er at Päivi også skal få bruke snuten sin til å spore fram hjort.

+47 991 28 183

Jølstravegen 3484, 6843 Skei i Jølster

©2018 Kennel Alnopa v/Susanne Håheim