Kva ser vi etter i ein kvalpekjøpar?

Vi ser etter deg som ynskjer ein ny aktiv familiemedlem, bestevenn og turkamerat. Det viktigaste for oss er at hunden blir godt ivaretatt. Om du ynskjer å drive på med hundesportar eller utstilling, er dette berre eit pluss. Du bør forsikre hunden sjølv om rasen er frisk. Alle kvalper frå oss blir levert forhåndsforsikra hos Agria. Det er lurt å teikne forsikring allereie før du henter kvalpen hos oss, så slepp du karenstid. Hunden må vere samanhengande forsikra frå før 4 måneders alder dersom ein skal få dekka skade/sjukdom som er oppstått på ledd i seinare alder. Ingen kvalpar blir levert med sunnheitsgaranti, men eg som oppdrettar gjer alltid mitt beste for å avle fram sunne og friske hundar.

 

  • Vi anbefaler forsikring i Agria

  • Kvalper frå oss skal HD-røntges, helst så snart så mulig etter 1 års alder så sant hunden er godt muskelsatt. (AD-røntgen er anbefalt om du skal drive med agility. AD er lite utbredt på rasen).

  • Kvalpar frå oss skal augelysast ved 1-4-7- års alder (anbefaling frå NSVO (Norsk Selskap for Veterinær Oftalmologi).

  • Vi ynskjer å halde kontakt med alle våre kvalpekjøpere etter kvalpen har flyttet til sine nye heimar. Vi har derfor ei eiga facebookgruppe for alle som har noko med kennelen å gjere, kor ein kan stille spørsmål, planlegge treff og liknande. 

Av og til søkjer vi kanskje etter fôrvertar til nokre kvalpar. Som fôrvert inneber det at du har hunden til dagleg, men vi står som eigar på hunden inntil den har fått 1-2 kull (tispe), alt ettersom kva som er avtalt i kontrakta. Det betyr også at fôrverten betaler daglege utgifter for hunden slik som forsikring, mat, utstyr og liknande. Vi som oppdretter betaler til dømes utgifter når vi tek med hunden på utstilling og nødvendige helseundersøkelsar og liknande som er nødvendig for å setje hunden i avl. Meir kva avtalen går ut på vil stå meir presisert i fôrvertavtala. Vi vil komme til å bruke Norsk Kennelklub si kjøpeavtale som utgangspunkt. Ta gjerne kontakt dersom du ynskjer å vere fôrvert. Vi ser helst at du bur i Sunnfjord, gjerne Førde/Jølster omegn.

Skriv ein utfyllande mail kor du inkluderer kvifor du har valt denne rasen, kva du kan tilby ein hund og kva du forventar av hunden.

+47 991 28 183

Jølstravegen 3484, 6843 Skei i Jølster

©2018 Kennel Alnopa v/Susanne Håheim