Kva ser vi etter i ein kvalpekjøpar?
 

Før du kontakter oss, ver snill og les om hundane våre for å sjå om dette er hunder som kanskje kunne passet for deg/din familie. Enkelte av hundene våre kjem frå linjer med mykje jakt og gjeterinstinkter og vil ikkje passe inn hos familier med små barn. Vi selger heller ikkje kvalp til familier som har barn under 2 år av den enkle grunn at vi synast kvalpen fortjener all merksemd når den er liten. Det er det arbeidet du legg i kvalpen det første året som du vil få igjen for seinare, både på godt og vondt. 

Vi ser etter deg som ynskjer ein ny familiemedlem, bestevenn, treningskompis og turkamerat. Det viktigaste for oss er at hunden blir godt ivaretatt og får dekka sine grunnleggande behov. Om du ynskjer å drive på med hundesportar eller utstilling, er dette berre eit pluss. 

Av og til søkjer vi kanskje etter fôrvertar eller deleigar til nokre kvalpar. Som fôrvert inneber det at du har tispa til dagleg, men vi står som eigar på tispa inntil den har fått 1-2 kull, alt ettersom kva som er avtalt i kontrakta. Det betyr også at fôrverten betaler daglege utgifter for hunden slik som forsikring, mat, utstyr og liknande. Vi som oppdretter betaler til dømes utgifter når vi tek med hunden på utstilling og nødvendige helseundersøkelsar og liknande som er nødvendig for å setje hunden i avl. Meir kva avtalen går ut på vil stå meir presisert i fôrvertavtala. Vi vil komme til å bruke Norsk Kennelklub si kjøpeavtale som utgangspunkt. Ta gjerne kontakt dersom du ynskjer å vere fôrvert. Vi ser helst at du bur rundt Jæren-område. 
For hannhunder varer fôrvertsavtala livet ut, men du har den 100% som din eigen hund. 

Interessert i leasingavtale? Om eg sel deg ein tispekvalp som viser seg å bli fin og få gode helseresultater er det mogeleg at eg kan ynskje å lease hunden når den er gammal nok. Dette inneber at du som eigar får hunden avlsgodkjent (oppdretter kan eventuelt vere behjelpelig med dette), og eg som oppdretter setter kvalpar på hunden og har kullet hos meg. Pris på leasing er det eigar som bestemmer. Normal pris kan vere prisen av ein kvalp. Om dette interesserer deg som kjøpar er dette noko vi også kan avtale ved salg av kvalp, eller på eit seinare tidspunkt. 

Bruk kontaktskjema og svar på spørsmåla til høgre for det. Eg svarer når eg har tid, og alle får svar.

  • Vi søker av og til etter fôrverter til både tisper og hannhundar. Ynskjer du å vere noko av dette bør du som fôrvert bu rundt Jæren og omland. Det er ein fordel om du er utstillingsinteressert og ynskjer å stille ut hunden på eige engasjement, men det er ikkje eit krav. Eg er opprinneleg frå Sunnfjord, Jølster, så fôrverter så langt nord som Gloppen kan bli vurdert.

AX8B0483.jpg

Kontaktskjema

Om du ynskjer kvalp, vennligst svar på spørsmåla under i kontaktskjema/mail.

+47 991 28 183


 

  • Kven er du?

  • Kor bur du?

  • Jobb/familiesituasjon? Alder på eventuelle barn?

  • Kva tidlegare erfaring har du med hund?

  • Kvifor ynskjer du finsk lapphund?

  • Kva forventningar har du til hunden og til oppdretter?

  • Tispe eller hannhund?

  • Ynskjer du å bruke hunden til noko spesielt? (utstilling, agility, jakt, gjeting osv)

  • Har du planlagt å augelyse og HD-røntge kvalpen din når den blir gammal nok?

  • Korleis stiller du deg til ein eventuell leasingavtale om du ynskjer tispe? Sjå kva dette inneber over.

Meldinga di er sendt!