Om oss

Eg heiter Susanne, er 25 år og utdanna sjukepleiar og jobbar i heimetenesta i Sunnfjord kommune. Frå 2018 har eg sete i styret i Sunnfjord Hundeklubb, og frå 2020 har eg sete i styret i Norsk Lapphundklubb avd Vestland.

Eg har vore hundeinteressert så lenge eg kan hugse, og er oppvaksen med hund. Bestemora mi har alltid hatt hund, hovudsakleg border collie blandingar. Då eg var 15 fekk vi vår første hund i familien, ein Bichon Havanais. Det året eg fylte 18, reiste eg til Austlandet for å hente min første eigne hund, Alvin, også ein Bichon Havanais. Han var den første hunden eg prøvde utstilling med, men det falt ikkje heilt i smak den gongen. Han bur no heime med mamma, då han trivast best der saman med hennar hund av samme rase. Heldigvis prøvde eg meg på nytt med utstilling med Nova som kvalp, og det gav meirsmak. Etter dette har det berre halde fram, og utstilling er for meg blitt ein stor hobby.

Vi bur på eit lite småbruk som bestemora mi eig utanfor Skei i Jølster, kor eg har vokse opp. Her trivst vi svært godt med mykje tomleplass for to,- og firbeinte.

 

Kurs

2018: Oppdretterskolen del 1: Genetikk og avl

2019: Oppdretterskolen del 2: Oppdrett

2019: Hundetrening fra A-Å med Cathrine Sallaup


+47 991 28 183

Jølstravegen 3484, 6843 Skei i Jølster

©2018 Kennel Alnopa v/Susanne Håheim