Ilves fullcerta 11 mnd gammal


4. og 5. mai var Ilves på utstilling i Ålesund saman med Per Ola, ein av sine oppdrettere i kennel Vintervidda. 4. mai på internasjonal utstilling blei han BIR og fekk sitt første storcert av dommer Kari Granaas Hansen. 5. mai fekk han endå eit cert med Arne Foss, og ein fantastisk kritikk, og er dermed fullcerta med to store cert i ein alder av 11 mnd!

No skal Ilves vere ei stund hos Christian og Per Ola i Tessungdalen, og han skal blant anna på trippelutstilling i Tromsø. Det blir veldig spennande!


0 visninger

+47 991 28 183

Jølstravegen 3484, 6843 Skei i Jølster

©2018 Kennel Alnopa v/Susanne Håheim