Päivi er bekrefta drektig med Erox


Uansett kva ein ynskjer i eit nytt familiemedlem er ikkje finsk lapphund for deg som ynskjer ein søt hund som skal ligge på sofaen dagen lang. Ein finsk lapphund er avla for å gjete reinsdyr på vidda (med lyd), og for å spore vilt, samt vokte heim og dyr frå rovdyr, og dette er instinkter som sit sterkt i Päivi som vil bli mor til dette foreståande kullet, og som ho har gitt vidare til kvalper hennar forrige kull. Päivi er ein hund som elsker å jobbe, og ho ynskjer å "please" den som trener ho. Päivi er testa på ein stor reinsdyrflokk to gonger i løpet av sitt liv, med gode resultater, og kunne nok blitt ein god gjeterhund om ho hadde blitt trent til det.


Erox er ein roleg, familiekjær herremann på tre år som bur i Eggedal hos eigarane sine. Han er glad i både born og voksne, og leiker fint med små og store hunder, og han er ein fin turkamerat. Då eg hadde han på besøk litt over ei veke medan vi dreiv med paring såg eg både vokterinstinkt og gjeterinstinkt som budde i han. Relativt lite lyd i hunden, men om sauen ikkje ville flytte på seg, så bjeffa han, akkurat som ein lapphund skal gjere.


Kvalpar frå dette kullet vil truleg passe best til dei som har planar om å nytte hunden til noko; hundesport, jakt, gjeting og liknande, og til friluftinteresserte familier. Desse vil også bli prioritert. Om det kjem ein hannhund vil denne truleg bli solgt med samarbeidsavtale om avl seinare. Det er også muleg at eg kjem til å selge ei tispe med leasingavtale.


Termin er første veka i september.

170 visninger

+47 991 28 183

Jølstravegen 3484, 6843 Skei i Jølster

©2018 Kennel Alnopa v/Susanne Håheim