Vi ser etter fôrvert innafor 1 time frå Ålgård

Vi har komt oss i hus med stor tomt i Oltedal i Gjesdal kommune. D-kullet er født og var i går fylt 3 veker. Seks hannhunder og ei tispe var født, og det er ingen ledige kvalper frå dette kullet.

Vuori med sine sju kvalper som vil få Disney-namn


Neste veke skal Cassiopeia av Vintervidda pares med Flokkenfager Caesar Palace, og vi ser etter fôrvert til henholdsvis ei tispe frå dette kullet. Det er forventa avkom med godt jakt og gjeterinstinkt og kvalpene vil passe til aktive friluftsmennesker, samt personer som ønsker ein allsidig jakt- og gjeterhund. Både mor og far til kullet har tatt reingjeteranleggstest med godt resultat.


Vi har også muleg eit kommende kull i Hornindal i Volda kommune hos ein kvalpekjøper innen 10-11 veker. Mor til kullet vil bli Alnopa Pohjantähti. Far er enda litt usikkert då det mangler ein augelysning. Søker fôrvert til kvalp også frå dette kullet. Om det blir tispe eller hannhund er enno noko usikkert, og kjem an på kjønnsfordeling i kullet. Paring vil isåfall bli innen 14 dager. Kvalpane vil få Alnopa-namn.




Grunnet ekstrem pågang på mail og melding på facebook tek det lang tid før mange får svar. Eg og sambuaren min er i 100% jobb og vel så det. Vi restaurerer hus og har fem vaksne hunder som krevjer sitt buande fast hjå oss i tillegg til kvalpekull, og vi har også andre interesser enn hund. Korte mangelfulle mailer blir derfor sletta og ikkje besvart. Med andre ord lønner det seg å skrive utfyllande informasjon om kven du/dåkke er og kvifor dåkke ynskjer finsk lapphund. Les og om foreldrene og kva instinkt som er venta FØR de spør om kvalp. Det er nemleg ikkje alle kombinasjoner som passer for ein barnefamilie, til dømes. Eg ynskjer også å møte alle potensielle kvalpekjøpere før dei i det heile tatt blir vurdert, så langt det er mogeleg.

162 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle