+47 991 28 183

Eikåsmyrane 9, 6847 Vassenden, Norway

©2018 Kennel Alnopa v/Susanne Håheim

Vellykka paring

March 15, 2019

Fredag 8. mars reiste eg med Päivi til Bergen då eg såg at ho på morgonen var begynt å stå, og brette halen til sida for Ilves. Vi reiste direkte til hannhunden kor det med ein gong vart flørting og søte ord dei i mellom. Vi skulle kanskje gjeve dei noko god mat, sett på romantisk musikk og tent stearinlys, for noko paring blei det ikkje den dagen. Truleg var det framleis noko tidleg, og eg fekk krysse fingrane og håpe på full klaff neste dag.

 

30 minutt med flørting og søte ord skulle gi heng på 15 minutt dagen etter. Ti minutt heng søndagen og 16 minutt heng måndag, så no blir ventetida umåteleg lang. Tida får eg bruke på å lage klar kvalperommet. Eg har lagt på golvbelegg, vore på Rusta og handla "kunstgress-teppe" slik dei ikkje får glatt golv, og eg har kjøpt inn ein god del vetbeds. Kvalpegrind er bestilt, og vi skal bygge etasjeseng til tispa slik ho kan velge sjølv om ho vil ha aleinetid eller ligge med dei små som forhåpentlegvis kjem om ca 9 veker. No er det berre å krysse fingrane for at ho blir drektig. Time til ultralyd er bestilt 8. april for å bekrefte drektigheit.

Dette trur eg blir eit kull med mykje energi og futt i, så eg trur kvalpane vil eigne seg best for aktive personar/familiar. Vi kjem til å behalde ein eller to sjølve som vi skal plassere hos fôrvert/deleigar i Sunnfjord. Henholdsvis ei tispe og ein hannhund.

 

Far til kullet er Lappehiets Mektige Loki, norsk utstillingschampion og like fin inni som utanpå. Roleg og bedageleg hannhund som sjeldan bjeffer. Kraftig bygd og har tjukk, fin pels av god kvalitet. Han har teke reingjeteranleggstest i Lom våren 2018 og gjorde det greitt der. Eg ser fram til at Loki skal føre sine gener vidare hos oss i Kennel Alnopa. Kombinasjonen er godkjent av Norsk Lapphundklubb. 
 

Please reload

Recent Posts

Please reload

Archive

Please reload

Tags

I'm busy working on my blog posts. Watch this space!

Please reload